Category Archives: KHU

31.12.13 – Takk for oss!

Screenshot 2013-12-17 12.46.25Språkåret 2013 er over, og språkkalenderen  er fullført med 365 innlegg. Vi håper at leserne våre har lært noe nytt, blitt litt sinte på oss, begynt å lure litt – og kanskje sjekket noen bakgrunnsfakta et par ganger. Vi håper også at vi har klart å få deg til å smile minst én gang, til å nikke ganske ofte og til å snakke litt om språk.

Vi håper du vil bruke 2014 til å si imot når noen kommer med en gammel språkmyte, til å reflektere mer over hva som er sært med norsk og nordmenn og, ikke minst, til å ha høy toleranse for at jobben med å lære seg norsk som andrespråk kan være svært utfordrende. Takk for at vi har fått lov til å dele kunnskapene våre om verdens mest fascinerende tema, språk, med dere.

Olaf Husby, Heidi Helgå, Jaques Koreman, Kjell Heggvold Ullestad, Jardar Eggesbø Abrahamsen, Sissel Nefzaoui, Solvor Husby,
Institutt for språk og litteratur, NTNU

Reklamer

09.12.13 – Denne uka i språkhistorien: Ludwik Zamenhof

Den 15. desember 1859 blei Ludwik L. Zamenhof fødd i Białystok i Russland (no: Polen). I 1887 gav han ut ei lita lærebok i språket Lingvo Internacia, sidan kjent som esperanto, som opphavleg var Zamenhofs pseudonym.

Zamenhof voks opp i eit multikulturelt samfunn med etniske motsetnader. Tanken hans var at mange konfliktar kunne vore unngått viss ein hadde eitt felles, politisk/etnisk nøytralt og relativt lettlært språk som gjorde det lettare for ulike folkeslag å kommunisera med kvarandre. Draumen var at esperanto skulle bli det fyrste framandspråket for alle.

I dag fyller engelsk langt på veg denne rolla særleg i vår del av verda, men framleis finst det folk som av varierande grunnar kan esperanto. Vi veit om ca. 16 000 organiserte esperantobrukarar i omkring 120 land. (KHU/JEA)

14.11.2013 – Ukas falske venn: Ganske

Det tyske ordet ganz og det norske ordet ganske er rett nok ikkje vassekte falske vener, men skaper ein del problem for tyskspråklege som lærer norsk. Ganz tyder nemleg heilt, fullstendig, medan ganske er langt meir beskjedent. Ein tar altså mykje meir atterhald når ein er ganske sikker enn om ein er ganz sicher, sjølv om ikkje alle dei tyske norskstudentane meiner det slik.

Men når desse studentane har lært seg at det norske ordet for ganz er heilt, dukkar eit nytt problem opp. Me kan berre bruka heilt når det finst ei slags maksimumsgrense. Bussen kan til dømes vera heilt full, men det blir feil å seia at nokon er heilt dum. For av og til kan ein faktisk vera grenselaust dum… (KHU)

05.11.2013 – Ukas språktrekk: Kva refererer «som» til?

Relativsetningar, også kalla som-setningar, kan vera kjekke fordi dei gjer at me slepp å gjenta oss sjølv, og dei skaper god flyt i teksten. Men som kan òg vera litt skummel og føra til uklarheiter. Sjå på dette dømet:

Her avdukar ordføraren statuen føre rådhuset som er laga av Hansen.

Kva laga Hansen – statuen eller rådhuset? All logikk peikar i retning av statuen, men om me tolkar setninga bokstaveleg, laga Hansen rådhuset. Relativpronomenet som peikar nemleg som regel tilbake på næraste ordet/uttrykket som det kan peika tilbake på (her: rådhuset).

Nettopp dette er ei kjelde til mange språkblomar og kan føra til artige misforståingar om ein legg vrangviljen til – og det gjer jo gjerne me språkfolk. Trøysta får vera at sjølv den beste kan gjera feil, noko dette dømet frå Odd Børretzen, utvilsamt ein av våre største ordmeistrar, viser. I den vakre kjærleikssongen Vintersang, der han samanliknar rynkene i eit ansikt med vegane gjennom livet, seier han mellom anna dette:

Noen av disse veiene i ansiktet ditt er rette og greie
du har en på hver side av nesa som går
ganske sørgelig nedover mot halsen
(KHU)

29.10.13 – Ukas språktrekk: Blå-blå

Betre og betre dag for dag!

Landet har fått ei ny regjering, og den er blå-blå. Samansetninga blå-blå viser til at det er to borgarlege – altså blå – parti som har gått saman om å danna regjering, ,en på norsk kan me gjenta ord, særleg adjektiv, for å uttrykkja fleire andre tydingar og nyansar.

For å uttrykkja at noko utviklar seg i ei bestemt retning, kan me til dømes gjenta eit adjektiv i komparativ. Ein som nettopp har vore sjukmeld kan svara betre og betre på spørsmålet om korleis det går. Og når det gjeld korleis det går med norskstudentane mine, både håper og trur eg at dei lærer meir og meir norsk, og dermed blir flinkare og flinkare. Det treng ikkje vera ei positiv utvikling. Det blir til dømes fleire og fleire arbeidslause i Europa.

Men når me gjentar eit adjektiv i grunnforma (positiv), har det ei heilt anna tyding. Då hintar me om at akkurat dette adjektivet ikkje er så treffande i denne situasjonen:

– Denne kaka var ganske god!

– Vel, god og god.

I slike situasjonar er det vanleg å ha med ein eller annan markør som understrekar skepsisen, som til dømes vel eller nja. Eller me tyr til fru Blom:

– Var kaka god?

– God og god, fru Blom.

Det same kan me gjera med substantiv òg når me meiner at tingen me snakkar om knapt nok er verdig substantivet me bruker. Ein som eig ein rustholk som er nær ved å ramla frå kvarandre, kan svara slik på spørsmål om han har bil: Bil og bil, fru Blom, eg har då ein…. Og når det gjeld spelet til Rosenborg BK, er fotball og fotball ei god skildring.

Andre lag derimot – særleg på Sør-vestlandet –  spelar ein finfin fotball. Denne fordoblinga forsterkar det positive i adjektivet, men den blir berre brukt ved adjektivet fin. Det blir feil å seia at noko er brabra eller storstor. (KHU)

22.08.2013 – Ukas falske venn: Kvitt

Det er mykje ein gjerne vil bli kvitt: basillar, huslån, sludd på St. Hans og oppvasken som trufast ventar, for å nemna noko. Når ein nordmann blir/er kvitt noko, handlar det om noko nagativt eller problematisk som ein ikkje vil ha lenger. Valet av dette uttrykket viser vanlegvis at ein er letta når dette noko er forsvunne.

På nederlandsk har ein det same ordet: kwijt. Det kan peika på noko negativt, som på norsk: Ik ben hem eindelijk kwijt (Eg er endeleg kvitt han), men vanlegvis er ordet nøytralt på nederlandsk. Iets kwijtraken betyr å mista noko, utan å ta stilling til det som er forsvunne.

Så når ein nederlendar har mista lommeboka si, kan han seia: Ik ben mijn geld kwijtgeraakt. For nordmenn kan dette derimot høyrast litt eplekjekt ut. Når snakka du sist om å bli kvitt pengane dine? (KHU)

17.08.2013 – Ukas ord: Få

Nokre ord har mange og ganske ulike tydingar og bruksområde. Det vesle ordet er eit slikt ord. Adjektivet betyr «ikkje mange», som i Det var få studentar på førelesinga. Komparativ er færre og superlativ er færrest (bokmål) eller færrast (nynorsk). Det heiter altså: Det er færre turistar i år enn i fjor. Mindre turistar er noko anna…

Grunntydinga til verbet er «å motta», som i spørsmålet Kan eg få ein kopp kaffi? Men verbet blir brukt i ei rekke andre situasjonar:

  1. å pådra seg noko: Han fekk ein stor baksmell på skatten.
  2. kortform for «å få lov til»: Barna får ikkje vera ute etter klokka ni.
  3. å klare, greie: Hun fekk til oppgåva utan problem.
  4. futurum av «å ha»: Dei har ikkje barn nå, men dei får eitt i november.
  5. å komme til å: Den som lever får sjå.
  6. å måtte: Eg får gå no, så eg ikkje kjem for seint.
  7. å vera tvungen til noko: Du får halda ut.

Ein litt spesiell konstruksjon har me i uttrykket Få boka! Ein kan jo vanskeleg kommandera seg sjølv til å få noko av andre. Konstruksjonen er rett og slett ei kortform av La meg få boka, så her meiner ein eigentleg Gje meg boka! Faren for misforståingar er derimot liten, i og med at Få boka! fort kan bli sagt med både heva stemme og senka augnebryn. (KHU)

10.08.2013 – Ukas ord: Superlativar

Det er sommar og tid for dei store idrettsarrangementa, som Tour de France og VM i friidrett. Idrettsutøvarane sine prestasjonar er tidvis både spektakulære og imponerande, og då er det ikkje så rart om TV-kommentatorane blir freista til å ta fram superlativane. Men då gjeld det å vita kva ein gjer, for ordet superlativ har to tydingar: éin grammatikalsk og éin daglegspråkleg.

Når sportskommentatorar finn fram superlativane, gjer dei det (vanlegvis) i den daglegspråklege tydinga. Det vil seia at dei finn fram dei mest positive og rosande adjektiva dei kan, som til dømes fantastisk, eineståande og – i moderne språk – heilt sjukt.

I grammatikken treng derimot ikkje ein superlativ vera positiv. Der er superlativ den høgste graden i gradbøyinga av eit adjektiv eller adverb. Best, sterkast og raskast er superlativar i grammatikalsk tyding, medan fantastisk ikkje er det. Superlativ av fantastisk er mest fantastisk. Ein superlativ treng ikkje vera eit positivt adektiv. Han kan vera nøytral, som grønast eller vanlegast, eller det kan vera eit negativt ladd ord. Dummast er ein superlativ, og det er også dårlegast og minst treffsikker.

Og då blir det straks lettare å ta fram superlativa om det norske fotballandslaget òg… (KHU)

02.08.2013 – Ukas trivia og quiz: Svar

Universitetet i Bergen har funne ut at dei tre mest brukte orda på norsk er i, og og det.Materialet som ligg til grunn for denne konklusjonen er romanar og avistekstar med i alt 150 millionar ord. Heile lista over dei 10000 mest brukte ordformene i norsk finn du hja Norsk tekstarkiv. Her nøyer me oss med topp 10:

1. i

2. og

3. det

4. er

5. på

6. til

7. som

8. en

9. å

10. for

02.08.2013 – Ukas trivia og quiz: Dei vanlegaste orda

Det finst statistikk for det meste, også for kva ord me bruker mest. Kva tre ord trur du me bruker mest på norsk? (KHU)