Category Archives: JEA

09.12.13 – Denne uka i språkhistorien: Ludwik Zamenhof

Den 15. desember 1859 blei Ludwik L. Zamenhof fødd i Białystok i Russland (no: Polen). I 1887 gav han ut ei lita lærebok i språket Lingvo Internacia, sidan kjent som esperanto, som opphavleg var Zamenhofs pseudonym.

Zamenhof voks opp i eit multikulturelt samfunn med etniske motsetnader. Tanken hans var at mange konfliktar kunne vore unngått viss ein hadde eitt felles, politisk/etnisk nøytralt og relativt lettlært språk som gjorde det lettare for ulike folkeslag å kommunisera med kvarandre. Draumen var at esperanto skulle bli det fyrste framandspråket for alle.

I dag fyller engelsk langt på veg denne rolla særleg i vår del av verda, men framleis finst det folk som av varierande grunnar kan esperanto. Vi veit om ca. 16 000 organiserte esperantobrukarar i omkring 120 land. (KHU/JEA)

16.10.13 – Vekas språkmyte: Trykk på 1. staving

hustak i Helsinki

Helsinki

Det står i pensumlitteratur og grammatikkbøker her og der, og sjølvsagt også i kursmateriell for framandspråklege som skal lære seg norsk: I norsk landar trykket på den fyrste stavinga i ordet, slik som i hane. Og så finst det nokre andre slags ord, særleg lånord, der trykket kan lande andre stader. Døme på dette kan vere universitet, banan og katakombe, medan sofa har ei trykkplassering igjen som fell saman med norske ord. (Her ser vi bort frå dialektar med bannan-uttale, og vi skal halde oss til usamansette ord.)

Men saka er at dei fleste ord i norsk kan skildrast slik (dette er ei kort og noko forenklande oppsummering av dei meir nyanserte arbeida til Gjert Kristofferen og Curt Rice): Trykket landar til vanleg på den siste eller nest siste stavinga, avhengig av om den siste stavinga sluttar på konsonant eller vokal.

Unntak finst sjølvsagt, men tendensen er likevel så sterk at sjølv om Helsinki vert uttalt med trykk på den fyrste stavinga i finsk, så er det vanleg å leggje trykket på den nest siste stavinga når ordet vert uttalt på norsk (dømet er lånt frå Gjert Kristoffersen). Liknande er også observert i Odense, oregano og meir. Den tida eg var student i Volda, var det forresten mang ein medstudent med bokmålsbakgrunn som ikkje tenkte momentant på at «langope» på skiltet utanfor butikken var eit samansett ord, men trudde det var namnet på ei merkeleg matvare. Giss éin gong kvar dei la trykket.

Det er sjølvsagt ikkje feil at hane har trykket på den fyrste stavinga og universitet på den femte stavinga. Men det vert litt som å seie at bilen ligg éin meter frå venstre vegkant på smale vegar og fire meter frå venstre vegkant på breie vegar, i staden for å seie at vi har høgrekøyring.

Tilnærminga med «trykk på fyrste staving, men lånord er annleis» heng saman med ein eldre analysetradisjon. Dagens meir einskaplege generaliseringar såg dagens lys så seint som rundt år 2000.

(JEA)

22.07.13 – Denne veka i språkhistoria: Esperanto

Framside på russiskDen 26. juli 1887 kom det ut eit hefte på 40 sider i Warszawa. Dette var den aller fyrste læreboka i eit heilt nytt språk, «Lingvo Internacia». Læreboka var på russisk, men ho kom snart ut også på polsk, tysk og fransk, og seinare på fleire språk. Forfattaren var Ludwik Lejzer Zamenhof, han brukte pseudonymet dr. Esperanto, og esperanto vart snart også namnet på språket, der ordet «esperanto» tyder ‘ein håpande’.

126 år seinare er språket framleis i bruk, med nettradioar, tidsskrift, skjønnlitteratur, faglitteratur og musikk. I Noreg har esperantoungdommen løyve til å publisere Pondus-striper på nettsidene sine, og snart kjem det også eit eige Pondus-album.

Pondus og Beate snakkar esperanto

– Og i flyselskap-mesterskapet i kjip mat har vi her en sikker plass på pallen! – Du er kresen!

Orda i esperanto er stort sett (men ikkje berre) lånord frå europeiske språk, som i setninga «inteligenta persono rapide lernas la interesan lingvon Esperanto». Avleiingar finn vi relativt ofte. Frå «varma» ‘varm’ kan ein t.d. finne varmeta (lunken), varmega (gloheit), malvarma (kald), malvarmeta (småkald), malvarmega (bitande kald), varmo (ein varme), malvarmo (kulde), varmigi (å varme opp), malvarmigi (å kjøle ned), varmiĝi (å verte varm).

Det finst likevel visse konvensjonar for korleis ulike ord og former kan brukast, til dømes er «stacidomo» (bokstavleg: stasjonshus) leksikalisert med den meir spesifikke tydinga ‘jarnbanestasjon’, og avleiinga «rideto» (liten latter) tyder berre ‘smil’. Nye ord dukkar opp som i språk elles: via lån og nydanningar, og dei slår rot via dagleg bruk og massemedia. Denne teksten les du på ein blogo en interreto (blogg på internett). Og ja, trass i alle rykte om det motsette, ein kan vere veldig grov i kjeften også på esperanto. Eg sladdar dette, men dei ivrigaste finn vel ut av det: Iru bugri eĥinon, piĉlekanto! (Gå og rævpul eit kråketroll, din fitteslikkar.)

Språksamfunnet har fått sine eigne kjendisar og kulturelle referanserammer. I videoen under ser vi viseduoen Ĵomart kaj Nataŝa med publikumsfavoritten «Vagadi sencele» (Flakke mållaust):

Esperantobrukarar møtest og praktiserer språket både på nettet og på ulike treff. Akkurat denne veka går t.d. den årlege Universala Kongreso de Esperanto av stabelen, denne gongen i Reykjavík. Her i Trondheim møtest den lokale klubben annankvar tysdag for å snakke om Tour de France, slektsforsking og andre aktualitetar. Dei som snakkar esperanto, opplever det som like naturleg som om det skulle ha vore kva framandspråk som helst. I somme familiar der esperanto har vorte brukt som daglegspråk jamsides med det lokale språket, har borna vorte to- eller fleirspråklege med esperanto som eitt av språka. Ein av desse er artisten Kim Henriksen, mannen bak esperantoslageren Sola.

Det er ukjent kor mange som har lært esperanto, ettersom det ikkje i seg sjølv medfører at ein hamnar i nokon slags statistikk. Verdsforbundet UEA har medlemmer i ca. 120 land, og har dei siste åra rapportert om mellom 16 og 20 tusen betalte medlemskontingentar, medan Norsk Esperanto-Forbund for tida har rundt 160 medlemmer. I juni 2013 var det mellom 5000 og 6000 brukarar dagleg som logga inn på esperantokurs-nettstaden lernu.net. 476 registrerte brukarar der har opplyst at dei bur i Noreg.

(JEA)

_____
Eg vil for ordens skuld nemne at eg har kjennskap til Pondus-albumet m.a. fordi eg er medlem i den klubben som har assistert med korrekturlesing, og er gift med omsetjaren/utgjevaren.

01.07.13 – Denne månaden i språkhistoria: OT

peikefingerI juli 1993, for tjue år sidan denne månaden, vart optimalitetsteorien formelt lansert i form av ein rapport frå Alan Prince og Paul Smolensky. Då hadde rapporten allereie vore i sirkulasjon sidan april, og ideane bak hadde vore kjende ei tid. Optimalitetsteori, eller OT, fekk fort ein sentral plass i moderne fonologisk analyse. Eit lett gjenkjenneleg typografisk kjenneteikn ved OT er at teorien tradisjonelt bruker peikefingeren ☞ som ein del av formalismen. Også bombe 💣, daudninghovud ☠, trist fjes ☹ og andre symbol dukkar opp frå tid til anna. Med OT reknar ein ikkje lenger med at språket har reglar i tradisjonell tyding, i staden finst det vilkår for språkoppførsel som trekkjer i ulike retningar.

* * *

OT er ein analysemodell, eller kanskje heller eit rammeverk, for analyse av språk, og har altså særleg vorte populær innanfor fonologi. Dette er den disiplinen av språkvitskapen som ser på korleis lydar oppfører seg som eit grammatisk system.

Til dømes, kvifor vekslar rota i ordet makaber mellom makaber og makabr (som i fleirtal «makabr-e»)? La oss leggje til grunn at ordet er lagra i det mentale ordtilfanget som makabr. Framfor fleirtalsendinga -e går dette fint å uttale. Men i eintal vert det stappa inn ein e mellom b-en og r-en i uttalen (og det har funne vegen også til skriftspråket). Dette kjem av at ei eintalsform som makabr, med to stavingar til saman, ikkje ville fungert på norsk på grunn av sluttsekvensen br. Men kvifor vert løysinga absolutt makaber med tre stavingar og ein innstappa e? Kvifor ikkje makab utan r, eller makarb med omsnudde lydar, som ville løyst problemet like effektivt?

Taudraging i fire retningar.Det som særkjenner OT som analysemodell, er at ein ikkje lenger bruker reglar til å analysere slike fenomen, altså typen «dersom stavinga sluttar på -br, så stapp inn ein vokal». I staden finst det ulike krefter i språket som dreg i kvar si retning: «Ikkje slutt på -br og sånt!» lyder det eine kravet, og inviterer til at makabr må reparerast. «Ikkje stapp inn ein vokal!» lyder eit anna krav, og motset seg å hjelpe til med reparasjonen. «Ikkje snu på lydane!» seier eit tredje. «Ikkje slett ein lyd!» Det seier seg sjølv at ikkje alle kan få viljen sin. Dermed vil kampen mellom desse og fleire krav innebere at noko må jenke seg slik at noko anna kan vinne fram. Forma makaber er ikkje perfekt, ho har trass alt forbrote seg mot kravet om ikkje å stappe inn noko, men i denne situasjonen vart dette likevel den beste (den optimale) løysinga.

Mange av vilkåra for språkoppførsel har vi visst om i lange tider, men i OT er dei formaliserte og kan brukast direkte i drøfting og analyse. Der reglar kunne skildre kva som skjer, vil OT-analysen også prøve å forklare kvifor det ikkje i staden skjer noko anna som faktisk kunne vere eit mogeleg alternativ. Med OT er oppgåva til forskaren dermed å finne ut av samspelet mellom dei kreftene som er bygde inn i språket. I dette konkrete tilfellet er det m.a. viktigare å unngå -br og reparasjonsteknikkane sletting og omsnuing enn å unngå å stappe inn ein ekstra lyd.

Ein formalisert illustrasjon av den kjappe og litt uferdige analysen i førre avsnitt kan sjå ut som i tabellen (OT-sjargong: tablået) under. SonSeq er det vilkåret som seier at ei staving m.a. ikkje får slutte på -br, Max-IO seier «ikkje slett», Linearity seier «ikkje snu på noko», og Dep-IO seier «ikkje stapp inn noko». Det seier alltid pang når ein forbryt seg mot noko som språket krev (markert med asterisk). Men når Dep-IO er svakast (illustrert ved å vere til høgre i tablået), har dei andre vilkåra forrang, slik at vi heller får leve med at vi stappar inn den vokalen for å unngå å gjere noko verre.

tablå med peikefinger ved vinnarkandidaten

Det finst mange slike innebygde krefter i språket. Når språk oppfører seg ulikt, kjem det av at samspelet mellom kreftene, altså kva som er viktigare enn kva, er ulikt frå språk til språk, dvs. språka har ulik grammatikk. Fagtermen for slike krefter i språket er forresten constraints på engelsk. På norsk ser vi m.a. betingelse, avgrensing og føring.

Ei popularisert og altså framleis noko forenkla utgreiing om ordet makaber, men utan OT-spesifikk analyse, finn du her. Og til slutt, somme vil kanskje leggje merke til at eg har hoppa bukk over m.a. uttalen ma-ka-br med tre stavingar, som kan finnast i somme dialektar. Men det vart det altså ikkje plass til denne gongen.

(JEA)

02.04.13 – Vekas språktrekk: Kj-lyden

søylediagramI førre bloggpost såg vi på den korrekte kj-uttalen i ord som kjole, kjenne og liknande. Dette var sjølvsagt aprilsnarr. Vitskapen prøver å skildre og eventuelt forklare dei fenomena som finst, og vurderer ikkje om det eine fenomenet er meir korrekt enn eit anna fenomen (vitskapen er deskriptiv, ikkje normativ). Dermed vil ingen som forskar på lydar, hevde at sj-uttalen, den meir tradisjonelle «kviskra j»-uttalen eller altså tsj-uttalen er meir feil (eller meir korrekt) enn noko anna.

Norsk skule har dessutan sidan 1878 vore pålagd av Stortinget å respektere «Børnenes eget Talesprog» så høgt at til og med «Undervisningen i Almueskolen saavidt muligt meddeles» på dette.

Det som derimot er sant, er at /ç/ («kviskra j») er sjeldsynt i verdssamanheng, og at /c͡ç/ («tsj») er mykje meir vanleg. I ei stor oversikt over lydeiningar i 451 språk (UPSID) finst /ç/ oppført for 21 språk, /ʃ/ (sj) står oppført for 189 språk, medan «tsj»-lydar som /c͡ç/, /t͡ʃ/ og liknande står oppførte for til saman ca. 222 språk, avhengig av teljemåte.

Det er også verdt å nemne at frå eit vitskapleg perspektiv framstår lydendringa frå /ç/ (kj) til /ʃ/ (sj) som alt anna enn tilfeldig slurv (ein annan artikkel: pdf-fil, sjå særleg avsnitt 5.2). Noko anna er at ord som i dag har kj-lyd, hadde ein heilt annan uttale på norrønt, nemleg ein heilt vanleg k. Ord som kjenne og kysse var på den tida kenna og kyssa, begge uttalte nettopp med k, ikkje med kj.

Og til slutt: For oss som har den nemnde tsj-varianten (eg er sunnmøring), er det rart å sjå den kviskra j-en omtalt som «kj-lyd» overalt. Mange av oss synest heller han høyrest ut som ein, ja nettopp, som ein slags sj-lyd.

(JEA)
(Parallellposta her.)

01.04.13 – Denne veka i språkhistoria: Korrekt kj-lyd

figur i kursmateriellet

Frå materiellet som skal brukast i etterutdanninga av norsklærarar. Klikk for større versjon.

Alle veit at det er feil å uttale kj i ord som kjole som sj (sjole). Men nye forskingsresultat viser at også den uttalen som tidlegare vart rekna som korrekt, er feil. Dette vil få konsekvensar for opplæringa i norsk skule frå komande skuleår av, etter initiativ frå Språkrådet og Utdanningsdirektoratet. Informasjon om etterutdanning av norsklærarar vert sendt ut til skulane denne veka.

Den hittil korrekte uttalen av kj har vore ein såkalla palatal frikativ, som er vanleg i store delar av landet, til dømes i austlandsk og trøndersk. I lydskrift vert han stava [ç]. Men no viser det seg at også denne uttalen er feil. Mellom anna er lyden ikkje noko meir enn ein kviskra j, og det er heilt feil å bruke ein kviskra j i ord som kjole, eller for den saks skuld kjenne og kysse. I eit tverrspråkleg perspektiv ser vi også at denne lyden finst i relativt få språk.

Den uttalen som seglar opp som den korrekte, er tsj-uttalen som finst i fleire vestlandske og nordnorske dialektar, altså omtrent den same lyden som ch i engelske ord som chair. Også austlandsk har denne lyden i tydeleg uttale av ord som tsjekkisk, og i uttrykk som ritsj ratsj filibom-bom-bom. Den vanlege «kviskra j»-lyden i kj-ord som kjole og kjenne er ein dårleg og slapt uttalt variant av tsj-lyden.

Tsj-uttalen er ein såkalla affrikat. I lydskrift vert han ofte transkribert som [c͡ç] (engelsk gjerne som [t͡ʃ]). Denne lyden er mykje meir anerkjend i eit tverrspråkleg perspektiv, han har akustisk optimale kvalitetar, og framstår som ein svært tydeleg lyd.

Forskings- og utgreiingsarbeidet har vorte utført av ein komité samansett av verdas fremste ekspertise på språklydar under leiing av fonetikkprofessor Tone Ana Kruse, og i samarbeid med Noregs Mållag.

(JEA)