05.11.2013 – Ukas språktrekk: Kva refererer «som» til?

Relativsetningar, også kalla som-setningar, kan vera kjekke fordi dei gjer at me slepp å gjenta oss sjølv, og dei skaper god flyt i teksten. Men som kan òg vera litt skummel og føra til uklarheiter. Sjå på dette dømet:

Her avdukar ordføraren statuen føre rådhuset som er laga av Hansen.

Kva laga Hansen – statuen eller rådhuset? All logikk peikar i retning av statuen, men om me tolkar setninga bokstaveleg, laga Hansen rådhuset. Relativpronomenet som peikar nemleg som regel tilbake på næraste ordet/uttrykket som det kan peika tilbake på (her: rådhuset).

Nettopp dette er ei kjelde til mange språkblomar og kan føra til artige misforståingar om ein legg vrangviljen til – og det gjer jo gjerne me språkfolk. Trøysta får vera at sjølv den beste kan gjera feil, noko dette dømet frå Odd Børretzen, utvilsamt ein av våre største ordmeistrar, viser. I den vakre kjærleikssongen Vintersang, der han samanliknar rynkene i eit ansikt med vegane gjennom livet, seier han mellom anna dette:

Noen av disse veiene i ansiktet ditt er rette og greie
du har en på hver side av nesa som går
ganske sørgelig nedover mot halsen
(KHU)
Reklamer

About H-O-J-K

Heidi Borghild Helgå. universitetslektor i norsk for utlendinger; Olaf Husby, førsteamanuensis i anvendt språkvitenskap; Jacques Koreman, professor i fonetikk; Kjell Heggvold Ullestad, universitetslektor i norsk for utlendinger

Posted on 05/11/2013, in KHU, Språktrekk. Bookmark the permalink. 1 kommentar.

  1. innhold bestemmer formen; formen bestemmer ikke innholdet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: