10.08.2013 – Ukas ord: Superlativar

Det er sommar og tid for dei store idrettsarrangementa, som Tour de France og VM i friidrett. Idrettsutøvarane sine prestasjonar er tidvis både spektakulære og imponerande, og då er det ikkje så rart om TV-kommentatorane blir freista til å ta fram superlativane. Men då gjeld det å vita kva ein gjer, for ordet superlativ har to tydingar: éin grammatikalsk og éin daglegspråkleg.

Når sportskommentatorar finn fram superlativane, gjer dei det (vanlegvis) i den daglegspråklege tydinga. Det vil seia at dei finn fram dei mest positive og rosande adjektiva dei kan, som til dømes fantastisk, eineståande og – i moderne språk – heilt sjukt.

I grammatikken treng derimot ikkje ein superlativ vera positiv. Der er superlativ den høgste graden i gradbøyinga av eit adjektiv eller adverb. Best, sterkast og raskast er superlativar i grammatikalsk tyding, medan fantastisk ikkje er det. Superlativ av fantastisk er mest fantastisk. Ein superlativ treng ikkje vera eit positivt adektiv. Han kan vera nøytral, som grønast eller vanlegast, eller det kan vera eit negativt ladd ord. Dummast er ein superlativ, og det er også dårlegast og minst treffsikker.

Og då blir det straks lettare å ta fram superlativa om det norske fotballandslaget òg… (KHU)

Advertisements

About H-O-J-K

Heidi Borghild Helgå. universitetslektor i norsk for utlendinger; Olaf Husby, førsteamanuensis i anvendt språkvitenskap; Jacques Koreman, professor i fonetikk; Kjell Heggvold Ullestad, universitetslektor i norsk for utlendinger

Posted on 10/08/2013, in KHU, Ord. Bookmark the permalink. Legg igjen en kommentar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: