17.08.2013 – Ukas ord: Få

Nokre ord har mange og ganske ulike tydingar og bruksområde. Det vesle ordet er eit slikt ord. Adjektivet betyr «ikkje mange», som i Det var få studentar på førelesinga. Komparativ er færre og superlativ er færrest (bokmål) eller færrast (nynorsk). Det heiter altså: Det er færre turistar i år enn i fjor. Mindre turistar er noko anna…

Grunntydinga til verbet er «å motta», som i spørsmålet Kan eg få ein kopp kaffi? Men verbet blir brukt i ei rekke andre situasjonar:

  1. å pådra seg noko: Han fekk ein stor baksmell på skatten.
  2. kortform for «å få lov til»: Barna får ikkje vera ute etter klokka ni.
  3. å klare, greie: Hun fekk til oppgåva utan problem.
  4. futurum av «å ha»: Dei har ikkje barn nå, men dei får eitt i november.
  5. å komme til å: Den som lever får sjå.
  6. å måtte: Eg får gå no, så eg ikkje kjem for seint.
  7. å vera tvungen til noko: Du får halda ut.

Ein litt spesiell konstruksjon har me i uttrykket Få boka! Ein kan jo vanskeleg kommandera seg sjølv til å få noko av andre. Konstruksjonen er rett og slett ei kortform av La meg få boka, så her meiner ein eigentleg Gje meg boka! Faren for misforståingar er derimot liten, i og med at Få boka! fort kan bli sagt med både heva stemme og senka augnebryn. (KHU)

Advertisements

About H-O-J-K

Heidi Borghild Helgå. universitetslektor i norsk for utlendinger; Olaf Husby, førsteamanuensis i anvendt språkvitenskap; Jacques Koreman, professor i fonetikk; Kjell Heggvold Ullestad, universitetslektor i norsk for utlendinger

Posted on 17/08/2013, in KHU, Ord. Bookmark the permalink. Legg igjen en kommentar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: