22.07.13 – Denne veka i språkhistoria: Esperanto

Framside på russiskDen 26. juli 1887 kom det ut eit hefte på 40 sider i Warszawa. Dette var den aller fyrste læreboka i eit heilt nytt språk, «Lingvo Internacia». Læreboka var på russisk, men ho kom snart ut også på polsk, tysk og fransk, og seinare på fleire språk. Forfattaren var Ludwik Lejzer Zamenhof, han brukte pseudonymet dr. Esperanto, og esperanto vart snart også namnet på språket, der ordet «esperanto» tyder ‘ein håpande’.

126 år seinare er språket framleis i bruk, med nettradioar, tidsskrift, skjønnlitteratur, faglitteratur og musikk. I Noreg har esperantoungdommen løyve til å publisere Pondus-striper på nettsidene sine, og snart kjem det også eit eige Pondus-album.

Pondus og Beate snakkar esperanto

– Og i flyselskap-mesterskapet i kjip mat har vi her en sikker plass på pallen! – Du er kresen!

Orda i esperanto er stort sett (men ikkje berre) lånord frå europeiske språk, som i setninga «inteligenta persono rapide lernas la interesan lingvon Esperanto». Avleiingar finn vi relativt ofte. Frå «varma» ‘varm’ kan ein t.d. finne varmeta (lunken), varmega (gloheit), malvarma (kald), malvarmeta (småkald), malvarmega (bitande kald), varmo (ein varme), malvarmo (kulde), varmigi (å varme opp), malvarmigi (å kjøle ned), varmiĝi (å verte varm).

Det finst likevel visse konvensjonar for korleis ulike ord og former kan brukast, til dømes er «stacidomo» (bokstavleg: stasjonshus) leksikalisert med den meir spesifikke tydinga ‘jarnbanestasjon’, og avleiinga «rideto» (liten latter) tyder berre ‘smil’. Nye ord dukkar opp som i språk elles: via lån og nydanningar, og dei slår rot via dagleg bruk og massemedia. Denne teksten les du på ein blogo en interreto (blogg på internett). Og ja, trass i alle rykte om det motsette, ein kan vere veldig grov i kjeften også på esperanto. Eg sladdar dette, men dei ivrigaste finn vel ut av det: Iru bugri eĥinon, piĉlekanto! (Gå og rævpul eit kråketroll, din fitteslikkar.)

Språksamfunnet har fått sine eigne kjendisar og kulturelle referanserammer. I videoen under ser vi viseduoen Ĵomart kaj Nataŝa med publikumsfavoritten «Vagadi sencele» (Flakke mållaust):

Esperantobrukarar møtest og praktiserer språket både på nettet og på ulike treff. Akkurat denne veka går t.d. den årlege Universala Kongreso de Esperanto av stabelen, denne gongen i Reykjavík. Her i Trondheim møtest den lokale klubben annankvar tysdag for å snakke om Tour de France, slektsforsking og andre aktualitetar. Dei som snakkar esperanto, opplever det som like naturleg som om det skulle ha vore kva framandspråk som helst. I somme familiar der esperanto har vorte brukt som daglegspråk jamsides med det lokale språket, har borna vorte to- eller fleirspråklege med esperanto som eitt av språka. Ein av desse er artisten Kim Henriksen, mannen bak esperantoslageren Sola.

Det er ukjent kor mange som har lært esperanto, ettersom det ikkje i seg sjølv medfører at ein hamnar i nokon slags statistikk. Verdsforbundet UEA har medlemmer i ca. 120 land, og har dei siste åra rapportert om mellom 16 og 20 tusen betalte medlemskontingentar, medan Norsk Esperanto-Forbund for tida har rundt 160 medlemmer. I juni 2013 var det mellom 5000 og 6000 brukarar dagleg som logga inn på esperantokurs-nettstaden lernu.net. 476 registrerte brukarar der har opplyst at dei bur i Noreg.

(JEA)

_____
Eg vil for ordens skuld nemne at eg har kjennskap til Pondus-albumet m.a. fordi eg er medlem i den klubben som har assistert med korrekturlesing, og er gift med omsetjaren/utgjevaren.

Advertisements

About H-O-J-K

Heidi Borghild Helgå. universitetslektor i norsk for utlendinger; Olaf Husby, førsteamanuensis i anvendt språkvitenskap; Jacques Koreman, professor i fonetikk; Kjell Heggvold Ullestad, universitetslektor i norsk for utlendinger

Posted on 22/07/2013, in JEA, Språkhistorie. Bookmark the permalink. 3 kommentarer.

  1. Min far lærte seg Esperanto etter krigen. Han hadde tro på det som et middel for fred og forbrødring. Jeg har en lærebok og en ordbok etter han et sted. Jeg vet ikke hvor mye han fikk praktisert språket, for dette var før jeg ble født. (Min far var født i 1915 og var 45 da jeg kom til.) Kanskje jeg burde sette meg ned og lese litt i læreboka?

  1. Tilbaketråkk: Esperanto 126 år | Mellom turrfisken og veden

  2. Tilbaketråkk: 09.12.13 – Denne uka i språkhistorien: Ludwik Zamenhof | Språkkalender 2013

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: