02.04.13 – Vekas språktrekk: Kj-lyden

søylediagramI førre bloggpost såg vi på den korrekte kj-uttalen i ord som kjole, kjenne og liknande. Dette var sjølvsagt aprilsnarr. Vitskapen prøver å skildre og eventuelt forklare dei fenomena som finst, og vurderer ikkje om det eine fenomenet er meir korrekt enn eit anna fenomen (vitskapen er deskriptiv, ikkje normativ). Dermed vil ingen som forskar på lydar, hevde at sj-uttalen, den meir tradisjonelle «kviskra j»-uttalen eller altså tsj-uttalen er meir feil (eller meir korrekt) enn noko anna.

Norsk skule har dessutan sidan 1878 vore pålagd av Stortinget å respektere «Børnenes eget Talesprog» så høgt at til og med «Undervisningen i Almueskolen saavidt muligt meddeles» på dette.

Det som derimot er sant, er at /ç/ («kviskra j») er sjeldsynt i verdssamanheng, og at /c͡ç/ («tsj») er mykje meir vanleg. I ei stor oversikt over lydeiningar i 451 språk (UPSID) finst /ç/ oppført for 21 språk, /ʃ/ (sj) står oppført for 189 språk, medan «tsj»-lydar som /c͡ç/, /t͡ʃ/ og liknande står oppførte for til saman ca. 222 språk, avhengig av teljemåte.

Det er også verdt å nemne at frå eit vitskapleg perspektiv framstår lydendringa frå /ç/ (kj) til /ʃ/ (sj) som alt anna enn tilfeldig slurv (ein annan artikkel: pdf-fil, sjå særleg avsnitt 5.2). Noko anna er at ord som i dag har kj-lyd, hadde ein heilt annan uttale på norrønt, nemleg ein heilt vanleg k. Ord som kjenne og kysse var på den tida kenna og kyssa, begge uttalte nettopp med k, ikkje med kj.

Og til slutt: For oss som har den nemnde tsj-varianten (eg er sunnmøring), er det rart å sjå den kviskra j-en omtalt som «kj-lyd» overalt. Mange av oss synest heller han høyrest ut som ein, ja nettopp, som ein slags sj-lyd.

(JEA)
(Parallellposta her.)

Reklamer

About H-O-J-K

Heidi Borghild Helgå. universitetslektor i norsk for utlendinger; Olaf Husby, førsteamanuensis i anvendt språkvitenskap; Jacques Koreman, professor i fonetikk; Kjell Heggvold Ullestad, universitetslektor i norsk for utlendinger

Posted on 02/04/2013, in JEA, Språktrekk. Bookmark the permalink. Legg igjen en kommentar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: