02.07.2013 – Ukas språktrekk: Ja/nei-spørsmål

Skjermbilde 2013-12-22 kl. 20.15.21På norsk lagar me ja/nei-spørsmålet ved å flytta verbet heilt framst i setninga: Kjem bussen snart? Ja, der kjem han. Dette er ikkje alltid så lett å hugsa for utlendingar som kanskje er vane med heilt andre måtar å gjera om utsagn til spørsmål på.

På engelsk bruker ein konstruksjonar med to do som hjelpeverb: Does the bus come soon?, og i latinske språk er setningsstrukturen gjerne den same i ja/nei-spørsmål som i eit utsagn. Dei bruker intonasjonen for å markera at det er snakk om eit spørsmål. Intonasjon høyrest som kjent ikkje så godt i skrift, så på spansk set ein eit opp-ned spørjeteikn føre setninga for å markera at denne setninga skal lesast med spørjeintonasjon: ¿El autobús viene pronto?

Det blir ikkje lettare for utlendingane ved at me ikkje alltid er så konsekvente på norsk heller. I munnleg språk er det slett ikkje uvanleg å høyra ja/nei-spørsmål med forteljande setningsstruktur, men med spørjeintonasjon: Du var på festen i går? Ofte bruker ein òg andre hjelpemiddel for å understreka at det er eit spørsmål, som til dømes Du var på festen i går, ikkje sant? eller Du var vel på festen i går?

I Stavanger-området innleier ein gjerne ja/nei-spørsmål med om, som dermed fungerer som ein spørjepartikkel: Om byssen komme snart? Denne strukturen er ein avkorta versjon av utsagnet: Eg lure på om byssen komme snart, og lever side om side med det (for andre) meir tradisjonelle Komme byssen snart? Det er ingen tydingsforskjell mellom dei, og rogalendingane ser ut til å bruka dei om kvarandre.  (KHU)

Advertisements

About H-O-J-K

Heidi Borghild Helgå. universitetslektor i norsk for utlendinger; Olaf Husby, førsteamanuensis i anvendt språkvitenskap; Jacques Koreman, professor i fonetikk; Kjell Heggvold Ullestad, universitetslektor i norsk for utlendinger

Posted on 02/07/2013, in KHU, Språktrekk. Bookmark the permalink. Legg igjen en kommentar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: