25.06.13 – Ukas språktrekk: Til fots

Moderne norsk har ikkje noko omfattande kasusbøying av substantiva, slik det var i norrønt . Unntaket er genitiv der me legg til ein -s: Olas bil, jentas bok. Men denne s’en finn me òg i ei rekke uttrykk som ikkje uttrykker noka form for eigedom, som til dømes i Han gjekk til fots og Dei reiste til fjells.

Forklaringa på desse uttrykka finn me i norrønt, som moderne norsk har utvikla seg frå – om enn gjennom nokre omvegar og hårnålssvingar. I norrønt styrte dei ulike preposisjonane ulike kasus, noko mange kjenner igjen frå tysktimane på skulen, og den norrøne preposisjonen til styrte genitiv. Substantivet som stod til denne preposisjonen måtte altså ha genitivform.

I dag styrer ikkje lenger til genitiv, men me har altså framleis strukturen i ein del uttrykk for framkomstmiddel eller uttrykk for stader. Me seier den dag i dag at folk kjem til fots, men dei fleste transportmidla opptrer i dag hovudsakeleg med andre preposisjonar: Han kjem med bil eller på sykkel.

Også uttrykka for stader har gått over til å bli reint idiomatiske. Me drar til sjøssit til bords, går til sengs og set kritikarane våre til veggs. Men me drar både til byen og til stranda. Regelen er med andre ord ikkje overført til meir moderne «reisemål». (KHU)

Advertisements

About H-O-J-K

Heidi Borghild Helgå. universitetslektor i norsk for utlendinger; Olaf Husby, førsteamanuensis i anvendt språkvitenskap; Jacques Koreman, professor i fonetikk; Kjell Heggvold Ullestad, universitetslektor i norsk for utlendinger

Posted on 25/06/2013, in KHU, Språktrekk. Bookmark the permalink. 1 kommentar.

  1. Han kom seg på fote og gikk videre til fots.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: