20.05.13 – Denne uka i språkhistorien: Phonème

Den 24. mai 1873 holdt Antoni Dufriche-Desgenettes et innlegg i Société de Linguistique de Paris hvor han introduserte termen phonème – eller som det heter på norsk – fonem. Dufriche-Desgenettes er ikke ansett for å være noen fremragende språkvitenskapsmann, men da Ferdinand de Saussure så nytten av begrepet, fikk det et sentralt posisjon innenfor språkvitenskapen. Fonemet kan defineres som den minste enheten som kan ha betydningsskillende funksjon i et språk eller en dialekt. Forskjellen mellom ordene «min» – [mi:n] og «din» – [di:n] er at det ene ordet begynner med [m] og det andre med [d]. Dette utskiftningen av språklyd fører til et betydningsskifte. Ergo kan vi snakke om to ulike fonemer /m/ og /d/.
Hvert språk har sitt eget system av fonemer. Et problem voksne har når de skal lære språk er å kunne oppfatte forskjeller mellom  nye fonemkontraster og å kunne uttale disse. I språk med alfabetbasert skrift, for eksempel norsk,  danner fonemene utgangspunktet for skrift. I svært mangel tilfeller får et fonem tildelt en gitt bokstav, men siden det er flere språklyder enn bokstaver i norsk, må en noen ganger ty til to bokstaver: «lang»  [lɑŋ], eller tre: skjære – [ʃæːre].

Som nevnt tidligere i bloggen er fonemet et mindre sentralt begrep i dagens språkvitenskap. (OH)

Reklamer

About H-O-J-K

Heidi Borghild Helgå. universitetslektor i norsk for utlendinger; Olaf Husby, førsteamanuensis i anvendt språkvitenskap; Jacques Koreman, professor i fonetikk; Kjell Heggvold Ullestad, universitetslektor i norsk for utlendinger

Posted on 20/05/2013, in OH, Språkhistorie. Bookmark the permalink. 3 kommentarer.

  1. Vidar Weseth

    Hvorfor er fonemet mindre sentralt i moderne spraakvitenskap, Olaf? Har du en litteraturhenvisning?

  2. Du stiller eit stort spørsmål, eg skal prøve å svare på det, sjølv om du stilte det til Olaf. (Svaret er kosmetisk redigert etter publisering.)

    Kortversjonen er at fonemmodellen enkelt sagt ikkje tek så veldig mykje utgangspunkt i korleis språk faktisk oppfører seg. Når vi uttaler Da[k]srevyen, er det sjølvsagt dag som ligg til grunn, med ein underliggjande /g/ (altså lagra slik i det mentale ortilfanget, må ikkje forvekslast med fonem). Men fonemmodellen seier at før [s] finst ikkje opposisjonen mellom /g/ og /k/, i staden vert det eit nøytraliseringsprodukt [k] som Praha-strukturalistane identifiserte som uttrykk for eit «arkifonem» /K/, altså ikkje fonemet /g/ eller fonemet /k/. Fonemmodellen konsentrerer seg altså om å sortere dei lydane vi finn på overflata («i uttalen»), og går dermed glipp av at det finst ein slektskap mellom ordet da[g] og forleddet i ordet Da[k]srevyen. Denne g-en/k-en vert plutseleg uttrykk for to ulike fonem.

    Eit anna tilfeldig valt døme på at fonemet er forelda, er konsonantharmonien i språket nkore-kiga. I det språket vert [s] og [ʃ] rekna som allofonar av det same fonemet, der [s] dukkar opp framfor [i], elles vert det [ʃ]. Enkelt og greitt, skulle ein tru. Men språket har også ein konsonantharmoni som overstyrer dette: [s] kan ikkje finnast dersom det er ein [ʃ] seinare i ordet, og motsett. Til dømes vil den venta forma [ʃaːsire] ikkje finnast, det vert i staden [saːsire], og den venta forma [sí:ʃa] finst ikkje men vert [ʃíːʃa]. Dette er heilt systematisk. Problemet er at når [s] og [ʃ] er allofonar av det same fonemet, så tyder det at skilnaden mellom dei er «redundant», eller med andre ord: Det skjer liksom ingenting fonologisk her, samstundes som dette fenomenet utan tvil må kunne klassifiserast som noko fonologisk som skjer. Dette klarer ikkje fonemmodellen å fange opp.

    Et tredje moment kan vere at sjølve segmenet (den einskilde, klart avgrensa lyden) ikkje lenger finst i aktuell fonologisk teori, og ikkje har gjort det sidan autosegmental fonologi vart lansert i 1976. Altså, i eit ord som Da[k]srevyen er det ustemde trekket i [k] ikkje ein eigenskap ved den konsonanten i seg sjølv, og [k] og [s] har ikkje kvart sitt eksemplar av det ustemde trekket. Tvert imot er det det ustemde i [s] som også legg seg på /g/ slik at denne vert uttalt som [k]. Når eitt eksemplar av trekket går på tvers av lydar, korleis kan ein då seie at dette er to separate lydar? Heile segmentomgrepet vert problematisk. Det same skjedde forresten også i tilfellet frå nkore-kiga over, men der vart det aktuelle trekket delt mellom to konsonantar som ikkje eingong var naboar, det låg ein vokal mellom dei. Der er det heile den lineære representasjonen som treng ei lita oppussing.

    Du spør etter litteraturtilvising. Eg kjem ikkje på noko i farten som tek føre seg dette spesielt. Det vert som å leite etter ei kjemibok som fortel kvifor alkymi ikkje lenger er sentralt. 🙂 Alle som held på med fonologi i dag, kjem heile tida bort i situasjonar der fonemet vert ein altfor snever modell, så det vert meir til at vi tenkjer oss om og orsakar oss når vi av og til bruker fonemet av praktiske grunnar. For fonemet er veldig praktisk, og er ei glimrande innføring i grunnleggjande fonologiske prinsipp, t.d. at språk har kategoriar og system, og ikkje berre massevis av uordna lydar. Minimale par kan også vere eit nyttig verkty i moderne fonologi. Dessutan er fonemet praktisk å bruke i ordbøker, i stadnamnkatalogisering og i mange andre tilfelle. Slike allmenne praktiske omsyn er nok ein viktig grunn til at fonemmodellen framleis er i bruk på exfac-nivå.

    Men når det kjem til det å forklare korleis språk som system oppfører seg, har vi altså sendt fonemet på dør. I dag er det ulike versjonar av autosegmental fonologi som stort sett gjeld i tilnærminga til «segmentet» (til skilnad frå segmentale modellar som fonemmodellen er ein før-generativ variant av), og optimalitetsteori er det mest aktuelle paradigmet for forholdet mellom underliggjande form (som /g/-en i Da/g/srevyen) og overflata ([k]-en i Da[k]srevyen).

  3. I think this is a specific of the most effective info to me. And i am joyful reading your article. But be deficient in to regard on some blended things, The web situation mode is inordinate, the articles is surely the best : D. Honourable operation, cheers

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: