08.05.13 – Ukas språkmyte: På Vestlandet snakkar dei nynorsk

Den norske språksituasjonen blir nok av mange oppfatta som litt forvirrande med bokmål, nynorsk og eit utal dialektar. I tillegg møter ein støtt og stadig omgrepa hovudmål og sidemål i media, så då er det kanskje ikkje så rart at det kan gå litt i surr med omsyn til kva som er kva.

Ei feiloppfatting ein ofte høyrer, er denne: «På Vestlandet snakkar dei nynorsk.» Det er slett ikkje uvanleg at ein set likskapsteikn mellom nynorsk og dialekt, særleg når ein snakkar om vestlendingar. Her er det derimot viktig å skilja mellom skriftspråk og talespråk. Både nynorsk og bokmål er variantar av det norske skriftspråket, og det er berre unntaksvis at ein møter folk som snakkar normert nynorsk eller bokmål. Sjølv NRK har gitt opp det i nyheitssendingane sine.

Når nordmenn snakkar, er det så å seia alltid på dialekten sin, og alle dialektane ligg ein eller annan stad mellom nynorsk og bokmål. Nokre av dei ligg svært nær bokmålsnorma, som t.d. på det sentrale Austlandet, medan mange vestlendingar har ei nynorsknær dialekt. Underteikna kjem frå Ryfylke, og dialekten der er kanskje 2/3 nynorsk og 1/3 bokmål om me samanliknar med skriftnormene. (KHU)

Advertisements

About H-O-J-K

Heidi Borghild Helgå. universitetslektor i norsk for utlendinger; Olaf Husby, førsteamanuensis i anvendt språkvitenskap; Jacques Koreman, professor i fonetikk; Kjell Heggvold Ullestad, universitetslektor i norsk for utlendinger

Posted on 08/05/2013, in KHU, Språkmyter. Bookmark the permalink. 2 kommentarer.

  1. Med fare for å trakke nokre både på tærne og andre stadar, vil eg påstå at det på det sentrale Austlandet er dialekter med fleire grammatiske former som vi finn i nynorsk. Dessutan (framleis min påstand!) har dialektene (les talemål) ein enkel og uformell form, noko godt nynorsk skriftspråk òg har, kanskje i motsetjing til bokmål som kan verte tungt både å lese og forstå når substantivsjuka og andre språklege konservatismar dukkar opp. 😀

    • Som sagt i innlegget, har dei fleste dialektane innslag frå begge skriftformene, og blandingsforholdet vil variera. Det finst òg talemål på Vestlandet som er vel så «bokmålske» som «nynorske». I tillegg har sjølvsagt dialektane fleire komponentar som ein korkje finn i nynorsk eller bokmål, både i ordtilfanget og i grammatikken. Elles bør det vel seiast at det er fullt mogleg å skriva lett og uformelt på bokmål òg. Akkurat det handlar nok vel så mykje om språkleg medvit og stil som eigenskapar med sjølve skriftforma. (KHU)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: