23.03.13 – Ukas ord: Dedikera

Når du tileignar ei bok til nokon, blir det kalla ein dedikasjon. Men kva er det tilhøyrande verbet? Det er stor sjanse for at svaret ditt på spørsmålet er å dedikera, men i så fall er svaret ditt feil. Du dediserer ei bok til nokon: Han dediserte boka til bestefaren sin. Boka er dedisert til bestefaren hans.

I fylgje Bokmålsordboka er å dedikera ein teknisk term som tyder «å tilpassa noko for eit visst føremål». Ein kan til dømes seia at eit laboriatorium er dedikert til ein viss type forskning, noko som vil seia at dette laboratoriet har alt det utstyret ein treng for denne typen forskning.

I det siste har dette blitt endå meir komplisert ved at det har blitt vanleg å bruka partisippforma dedikert i tydinga «engasjert» og substantivet dedikasjon i tydinga «engasjement». Fotballtrenarar blir skildra som dedikerte i jobben, og rett som det er etterlyser dei større dedikasjon frå spelarane sine. Denne bruken av dedikasjon/dedikera kjem frå engelsk, og sjølv om svært mange bruker orda slik, har ikkje desse tydingane funne vegen til dei norske ordbøkene. I alle fall ikkje enno.

Advertisements

About H-O-J-K

Heidi Borghild Helgå. universitetslektor i norsk for utlendinger; Olaf Husby, førsteamanuensis i anvendt språkvitenskap; Jacques Koreman, professor i fonetikk; Kjell Heggvold Ullestad, universitetslektor i norsk for utlendinger

Posted on 23/03/2013, in KHU, Ord. Bookmark the permalink. Legg igjen en kommentar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: