01.02.13 – Ukas trivia og quiz: Svar

  1. V                        i
  2. KV                    li
  3. KKV                kli
  4. KKKV             skli
  5. VK                     am
  6. KVK                 ram
  7. KKVK               tram
  8. KKKVK              stram
  9. VKK                    akt
  10. KVKK                  rakt
  11. KKVKK                 trakt
  12. KKKVKK            straks
  13. VKKK                  ilsk
  14. KVKKK               falsk
  15. KKVKKK            trolsk
  16. KKKVKKK          sprelsk

Det kan reises innvendinger mot dette oppsettet siden noen av ordene er røtter («i, li»), mens andre er bøyningsendelser («rakt» – av «å rekke»). Vi lar det poenget  ligge og ser at det uansett er ganske krevende å uttale norske stavelser hvis man som voksen skal lære språket og har utgangspunkt i et språk med maksimalt KV-struktur. Det finnes også normerte ord med fire konsonanter til slutt som «falskt, luxemburgsk».

Selv om former som «ilskt, trolskt, sprelskt» er parallelle til «falskt», er de ikke godkjent i bokmål og nynorsk. Det betyr ikke at slike former ikke kan være i bruk. (OH)

Advertisements

About H-O-J-K

Heidi Borghild Helgå. universitetslektor i norsk for utlendinger; Olaf Husby, førsteamanuensis i anvendt språkvitenskap; Jacques Koreman, professor i fonetikk; Kjell Heggvold Ullestad, universitetslektor i norsk for utlendinger

Posted on 01/02/2013, in OH, Trivia og quiz. Bookmark the permalink. 3 kommentarer.

  1. Nokre av oss vil også protestere på at «i, am, akt, ilsk» (som isolerte ord utan kontekst) ikkje har opptakt, sidan dei vert uttalte [ʔiː ʔɑmː ʔɑkt ʔɪlsk]. Den andre stavinga i månadsnamnet «mai» (uttalt med to stavingar) kan derimot neppe seiast å ha opptakt.

    Denne bloggposten handlar om kor stor ei staving kan vere på norsk, og «falskt» får då strukturen KVKKKK. Eit mareritt for mange som skal lære språket.

    Men dei mest geekete av oss vil nok uansett lure på om kanskje «skt» ikkje høyrer til stavingsnivået, men heller kjem som eit vedheng til strukturen KVK. Konsonantgrupper til slutt i ei staving på norsk finst nemleg fortrinnsvis i ordfinal posisjon. Jamfør at «røntgen» (stavingsgrense rønt-gen) helst vert uttalt som «rønken». Dette kan jo ikkje vere tilfeldig, så kanskje stavinga (som språkstrukturell dings) i ordet «falskt» sluttar før ordet sluttar. Det kunne forklare også andre ting.

    Ikkje at dette gjer saka særleg enklare for dei modige som skal lære seg å uttale «falskt» eller «sprelsk». Men om ikkje anna kan «rønken» og «symtom» illustrere at også norsk kan ha problem med nokså korte konsonantsekvensar.

  2. Jeg prøvde å ligge lavt i terrenget ved å holde fram flagget «lar det poenget ligge» siden jeg vet at dette ikke er et helt enkelt terreng å bevege seg i. Kartet ser noe forskjellig ut avhengig av oppdraget en skal utføre.

    En sak: Opptakt i isolerte ord av typen «i, am, akt, ilsk», er den glottale plosiven som du har ført inn i transkripsjonen. Hvilken status har/får [ʔ] i norsk hvis en ønsker å bruke begreper som «fonem» i beskrivelsen av norsk? (OH)

  3. Ja, eg klarte altså ikkje å la vere då eg fekk sjansen til å utbrodere at også norsk har nokså snevre grenser for kva det er plass til i ei staving. 🙂 Som sagt, utan at det hjelper dei modige noko særleg. Og ditt terreng er jo nettopp desse modige, så ikkje ta dette som anna enn ei avsporing i teoretisk retning. 🙂 Det vil seie, kanskje vi kan finne ein meir praktisk måte å bruke det på, utan å trekkje inn all teorien bak? Det må vi snakke om ved høve.

    Når det gjeld fonemstatusen til [ʔ], så skulle eg sanneleg likt å sjå ein ekte strukturalist svare. Det finst jo ikkje minimale par i norsk der [ʔ] inngår i utskiftinga, og lyden vekslar jo med «ingenting», som i «[ʔi] dag var du der» mot «var du der [i] dag». Eg veit ikkje om strukturalistar vil verte fornærma om eg seier at [ʔ] dermed er allofon av ingenting. Rart vert det same kva, når denne vekslinga trass alt opptrer på systematiske måtar. I generativ fonologi vert materien eit lite hakk enklare, sidan ein slepp å tenkje på fonem, men kan gå rett på behovet for ei opptakt. Det behovet vert ikkje alltid oppfylt, men dét er ei anna historie.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: